Førsteklasses


Me i kyrkja vil gjera stas på deg som skal begynna på skulen!

Kyrkja vil vera med å markera skulestart med å invitera førseklassingene til kyrkja. Dei skal få visa fram skulesekken sin og vera med på ei samling på Kyrkjetunet og ei gudsteneste i kyrkja. 

Samlinga på Kyrkjetunet startar med pølser og saft, så skal me fortelja litt frå bibelen, syngja og laga noko. 

På gudstenesta får førsteklassingane delta i prosesjon, med song og dei får utdelt ei bok i gåve.

Førsteklasses 2023 blir på Kyrkjetunet mandag 14. august kl 17.00-18.30 og gudsteneste i kyrkja søndag 20. august kl. 11.00.

Invitasjonar sendes ut i posten til alle døyte i alderskullet. Ikkje døypte er og velkomne. 

Kontaktperson: Marie Weibell (mw589@kirken.no / 41140525)

 

Sist oppdatert: 03.08.23

Tilbake