Dåpsskule - 1. trinn


Kvar vår inviterer Høle kyrkjelyd til dåpsskule for førsteklassingar.

 

Me samlast på dåpsskule på Kyrkjetunet fire tysdagar og ein sundag i kyrkja

Dåpsskulen startar rett etter skuletid på tysdagar. Borna blir henta på skulen. Etter samlinga fylgjer me borna attende til SFO og skulebussen. 

Dåpsskulen vil innehalda samlingsstund med bibelforteljing, song, leik og hobbyaktivitetar. Kvar samling blir avslutta  med eit enkelt måltid mat.

Dåpsskulen sin siste samling er ei familiegudsteneste i Høle kyrkje. Dåpsskulen vil då vera aktivt med i gudstenesta. På denne gudstenesta vil førsteklassingane få ei bok i gåve frå kyrkjelyden.

Invitasjon til dåpsskulen kjem i posten.

Link til påmeldinga finn de her

Spørsmål om dåpsskulen: Kontakt Marie Weibell, mw589@kirken.no

Sist oppdatert: 18.01.21

Tilbake