Kvar haust inviterer Høle kyrkjelyd alle fireåringar til fireårsklubb.
Fireårsklubben samlas tre ettermiddagar til klubbsamlingar og ein sundag til gudsteneste. Klubbsamlingane er på Kyrkjetunet og inneheld bibelfortelling, song, hobbyaktivitet, leik og eit enkelt måltid. På gudstenesten deltek fireåringane med song og dei får utdelt barnebibel.
Invitasjon til fireårsklubb kjem i posten til alle døypte fireåringar. Ikkje-døypte er og varmt velkomne. Kontakt Marie på telefon 41140525 eller mail mw589@kirken.no
Datoane for fireårsklubben 2023 er: 2.11, 9.11, 16.11 og gudsteneste 19.11.
Sist oppdatert: 9.8.23