Kvar vår inviterer Høle kyrkjelyd til to tårnagentsamlingar på Kyrkjetunet.
Borna blir inviterte med på oppdrag og utforsking. På Tårnagent er me agentar, løyser koder og utforskar kyrkja og kyrkja sine symboler.
Samlingane er på torsdagar rett etter skulen for 4. og 5. klasse.
Datoar våren 2023: 9. februar og 23. februar.
Invitasjon sendes ut i posten til alle døypte. Alle 4.-5. klassingar i soknet er velkomne, sjølv om de ikkje er medlem i kyrkja. Påmelding finn de her. For seint ute til påmeldinga? Kontakt Marie på mail.
Betaling for Tårnagent skjer på vipps #121426
50 for begge samlingane til saman. Merk betalingen med deltakarens navn.
Spørsmål om tårnagent: Kontakt Marie Weibell. mw589@kirken.no
Sist oppdatert: 18.01.2023