Offer


Sjølv om me ikkje er samla til gudsteneste er det mogleg å gje offer digitalt.

 
Fordi vi ikkje har gudstenester for tida har vi heller ikkje ofringar i kyrkja. Men prosjekta våre treng framleis pengar!
 
Nå skal vi ikkje masa på folk som slit med økonomien i denne tida. Men i vissa om at mange har betre økonomi for tida fordi det ikkje er stort å bruka pengar på, vil eg minne om at kyrkjelydspedagogen og diakonen vår får løna si delvis frå gåver som kyrkjelyden samlar inn. Og at Det Norske Misjonsselskap (som skulle hatt to ofringar denne våren) har store utgifter og lite inntekter.
 
De kan støtta ved å vippsa pengar til Høle sokn #121426 og merka det «gåve til kyrkjelyden» eller «gåve til Det Norske Misjonsselskap». Og har du ikkje vipps, kan du bruka kontonummeret til kyrkjelyden 3260 57 25383 eller til Det Norske Misjonsselskap 8220 02 85057.

Tilbake